Avansert søk

Eitt treff

Bokmålsordboka

Nynorskordboka 57 oppslagsord

himmel

substantiv hankjønn

Opphav

norrønt himinn; av tysk Himmel

Tyding og bruk

  1. Døme
    • sola står høgt på himmelen;
    • ein regntung himmel;
    • sveve mellom himmel og jord
  2. Guds bustad, paradis (2)
    Døme
    • Gud i himmelen;
    • kome til himmelen
  3. overbygnad som lagar eit tak over noko;
    jamfør tronhimmel
  4. i overført tyding: stad der det er godt å vere, tilstand utan konfliktar
    Døme
    • den politiske himmelen er ikkje skyfri
  5. brukt i utbrot
    Døme
    • du store himmel, korleis skal dette gå?
    • milde himmel!
    • å himmel!

Faste uttrykk

  • alt mellom himmel og jord
    alt mogleg
  • i den sjuande himmelen
    (etter eldre verdsoppfatning om sju himlar og den sjuande som Guds bustad) overlykkeleg
  • setje himmel og jord i rørsle
    setje alle krefter inn
  • som send frå himmelen
    som uventa og gledeleg hjelp i ytste naud
  • under open himmel
    ute i det fri

berr

adjektiv

Opphav

norrønt berr

Tyding og bruk

  1. ikkje (over)dekt, udekt;
    Døme
    • vere berr på halsen;
    • blomstre på berr kvist
  2. Døme
    • sanninga ligg ikkje alltid berr for auga
    • brukt som adverb: klart, tydeleg
      • det skein så bert for henne korleis det var
  3. Døme
    • drikke dropane berre;
    • seie berre sanninga
    • brukt som adverb:
      • vere bert aleine
  4. brukt forsterkande: jamfør berre (4
    Døme
    • det var som berre fanden;
    • sterk som berre det

Faste uttrykk

  • berr mark
    mark utan snødekke;
    berrmark
  • for sitt berre liv
    om det så galdt livet
  • på berr bakke
    utan noko å hjelpe, livberge seg med
  • under berr himmel
    utan tak over hovudet

all

determinativ kvantor

Opphav

norrønt allr

Tyding og bruk

  1. heil, utan unntak;
    i fullt omfang
    Døme
    • bruke all fritida til idrett;
    • få alt høyet i hus;
    • få med alle foreldra;
    • det er tydeleg for all verda;
    • ete opp all maten;
    • i all framtid;
    • all slags folk;
    • han forstod ikkje alt dei sa;
    • ho har vore konservativ i all si tid
  2. i (altfor) stor mengd
    Døme
    • vere lei av alt bråket;
    • kvifor alt dette oppstyret?
    • lat oss sleppe all denne sytinga
  3. størst mogleg, største
    Døme
    • med all mogleg velvilje;
    • i all hast;
    • det er all grunn til å nekte
  4. kva som helst;
    kvar einaste form for
    Døme
    • all mat er ikkje like god;
    • alle tingallting;
    • all von er ute;
    • det går over all forstand;
    • over all forventing
  5. kvar einaste;
    kvar og ein
    Døme
    • ein gong for alle;
    • ikkje alle dagar er like;
    • alle mann på dekk!
    • slik har det vore gjort i alle år;
    • det er eit godt tilbod på alle måtar;
    • sjå ei sak frå alle sider
    • brukt som substantiv
      • alle må registrere seg;
      • alle var der
  6. Døme
    • dagen er all
  7. brukt som substantiv i nøytrum eintal: allting (2;
    det heile;
    det einaste
    Døme
    • alt er ikkje sagt i denne saka;
    • alt var betre før;
    • ikkje for alt i verda!
    • alt vel!
    • alt i orden;
    • alt eller ingenting;
    • det raraste av alt;
    • vere med på alt som er gøy;
    • fotballen er alt for henne;
    • det var alt for i dag;
    • alt som var igjen
    • kollektivt om folk
      • alt som kan krype og gå
  8. brukt framfor relativsetning: så mykje som
    Døme
    • vi sprang alt det vi orka;
    • dei gjorde alt dei kunne

Faste uttrykk

  • all igjennom
    heilt ut;
    heilt igjennom
    • bli kald all igjennom
  • all PR er god PR
    all (offentleg) merksemd er bra
  • all sin dag
    all si tid;
    heile livet
    • han var stokk konservativ all sin dag
  • all ting
    det heile;
    alt mogleg; jamfør allting (2
    • han styrer med all ting her;
    • all ting vart slik som dei ønskte seg;
    • da kan all ting skje
  • alle saman
    mest om personar: alle (av eit visst tal);
    dei som er rekna med
    • dei kom, alle saman;
    • kjære alle saman!
  • alle slag
    så mange eller fleire sortar enn ventande;
    all slags
    • alle slag varer å sjå på
  • alt anna enn
    slett ikkje
    • oppgåvene var alt anna enn lette
  • alt i alt
    i det store og heile;
    til saman
    • alt i alt kan vi vere godt nøgde;
    • alt i alt var det ein fortent siger
  • alt mellom himmel og jord
    alt mogleg
  • alt saman
    det heile;
    det som skal reknast med
    • du får alt saman for 100 kroner
  • alt som kan krype og gå
    alle menneske ein kan tenkje seg (i eit bestemt område, ved ei bestemt hending)
  • feie all tvil til side
    overtyde alle
  • framfor alt
    meir enn noko anna;
    først og fremst
  • i all æve
    for alltid
  • i alle måtar
    på alle vis
    • ein staut kar i alle måtar
  • i alt
    til saman;
    totalt
    • utgiftene kom på 10 000 kroner i alt
  • når alt kjem til alt
    etter at alt er sagt og gjort
  • over alle haugar
    langt borte;
    langt av stad
  • på alle fire
    på kne og hender
    • krype på alle fire
  • til all lykke
    som vel var;
    heldigvis
    • til all lykke vart ingen skadde
  • til alt hell
    heldigvis
    • til alt hell kom dei uskadde frå ulykka
  • éin for alle og alle for éin
    slik at kvar enkelt har fullt ansvar
  • éin gong for alle
    slik at ein ikkje treng ta det opp att meir
    • seie det éin gong for alle;
    • betale éin gong for alle

open

adjektiv

Opphav

norrønt opinn ‘vend oppover’; samanheng med opp

Tyding og bruk

  1. ikkje lukka eller stengd
    Døme
    • eit ope vindauge;
    • skjorta er open i halsen;
    • vegen over fjellet er open for biltrafikk;
    • ei open bok
  2. ikkje dekt til;
    utan ly
    Døme
    • ein open båt;
    • her er så ope for vinden
  3. med god plass og fritt utsyn;
    vid
    Døme
    • i open sjø;
    • ein open plass der folk møtest
  4. som ikkje er fylt;
    tom, ledig
    Døme
    • skjemaet har eit ope rom til underskrifta;
    • stillinga står open ut året
  5. tilgjengeleg for allmenta
    Døme
    • museet er ope på søndagar;
    • førelesingane på universitetet er opne;
    • eit ope møte
  6. som ikkje skjuler avgjerder og handlingar
    Døme
    • arbeide for eit ope samfunn
  7. utan atterhald;
    Døme
    • vere open mot nokon
    • brukt som adverb:
      • snakke ope om noko
  8. klar, tydeleg;
    • brukt som adverb:
      • han har lenge vore ope homofil
  9. Døme
    • vere open for nye synspunkt;
    • ha eit ope blikk for mangfaldet i samfunnet
  10. ikkje avgjord;
    uløyst
    Døme
    • eit ope spørsmål
  11. som ein kan utvide eller byggje ut
    Døme
    • opne ordklassar
  12. om vokal: som blir laga med låg tungestilling;
    om staving: som sluttar på vokal

Faste uttrykk

  • for open scene
    • med sceneteppet frådrege
      • applaus for open scene
    • som alle kan observere
      • ei oppgjerd for open scene
  • for opne dører
    med tilgjenge for publikum
    • rettssaka gjekk for opne dører
  • halde auge og øyre opne
    følgje nøye med
  • halde ope
    la butikk eller anna verksemd vere open for kundar
  • liggje ope i dagen
    vere heilt tydeleg
    • det ligg ope i dagen at det er duka for strid
  • med opne auge
    medviten om kva ein gjer
    • feil som er gjort med opne auge;
    • gå inn i ein vanskeleg situasjon med opne auge
  • ope brev
    brev til ein person eller institusjon som blir offentleggjort i pressa
  • ope landskap
    • landskap utan skog, åsar eller fjell som stengjer for utsyn
  • ope sår
    • sår som ikkje har fått skorpe på seg
    • vond konflikt
  • ope vatn
    isfritt vatn
  • på open gate
    i full offentlegheit så forbipasserande kan sjå det
    • ranet skjedde på open gate
  • spele med opne kort
    ikkje løyne noko
  • ta imot med opne armar
    ta imot med velvilje og glede
  • under open himmel
    ute i det fri

blank

adjektiv

Opphav

frå lågtysk ‘skinande kvit’; samanheng med blakk

Tyding og bruk

  1. om luft, himmel og liknande: lys, klar
    Døme
    • blank himmel;
    • midt på blanke dagen
  2. glatt, skinande
    Døme
    • ein blank buksebak;
    • ein blank spegel;
    • bli blank i auga av glede
  3. om væske: ublanda, klar
    Døme
    • ein blank drope
  4. som ikkje er til å misforstå;
    tydeleg
    Døme
    • blank løgn;
    • få blankt avslag
    • brukt som adverb
      • nekte blankt
    • saman med tal: utan desimal
      • 100-meteren gjekk på 10 blank
  5. om papir: som det ikkje er skrive eller prenta på
    Døme
    • to røystesetlar var blanke;
    • legg inn ei blank linje
  6. utan kunnskapar
    Døme
    • vere heilt blank i eit fag

Faste uttrykk

  • blanke ark
    • ark utan påskrift, teikningar eller anna
      • ei notatblokk med blanke ark
    • i overført tyding: nye moglegheiter
      • begynne, starte med blanke ark
  • blanke våpen
    • stikk- og hoggvåpen til å bruke i nærstrid
    • ærlege, heiderlege middel
      • kjempe med blanke våpen i media
  • gje blanke i
    ikkje bry seg
  • levere blankt
    levere ei oppgåve utan å ha svart på ho
  • stemme blankt
    levere stemmesetel utan å ha merkt av for ein av valmoglegheitene
  • trekkje blankt
    • dra sabelen, sverdet e l or slira
    • vise fiendtleg innstilling;
      gå til åtak verbalt

helvete

substantiv inkjekjønn

Opphav

norrønt helvíti, av hel ‘død, dødsrike’ og víti ‘straff’

Tyding og bruk

  1. stad der dei fortapte blir pinte og straffa hos djevelen etter døden
    Døme
    • bli pint i helvete;
    • himmel og helvete;
    • det gjekk til helvete med heile prosjektet;
    • ho bad han dra til helvete;
    • han er sjefen frå helvete
  2. brukt som bannord
    Døme
    • helvete heller!
    • kva i helvete vil no han?
    • noko så inn i helvete dumt!
    • men for helvete da mann!
  3. i overført tyding: uverande, frykteleg stad
    Døme
    • skyttargravene i første verdskrigen var eit reint helvete;
    • det er eit helvete å jobbe for henne

Faste uttrykk

  • faen i helvete
    brukt for å uttrykkje sinne
    • det har eg faen i helvete ikkje gjort
  • fy til helvete
    brukt for å uttrykkje beundring, avsky eller annan reaksjon
    • fy til helvete til flaks!
  • helvetes forgard
    forferdeleg stad eller sinnstilstand
    • bydelen blir skildra som helvetes forgard
  • når helvete frys til is
    aldri eller med svært lite sannsyn
    • dei reiser nok ikkje heim før helvete frys til is

mild

adjektiv

Opphav

norrønt mildr

Tyding og bruk

  1. som ikkje er skarp eller sterk i smak, lukt eller oppleving;
    behageleg;
    Døme
    • suppa er mild og rund i smaken;
    • ei såpe med mild lukt;
    • eit mildt vaskemiddel;
    • eit mildt lys
  2. med moderat kraft eller intensitet;
    Døme
    • symptoma var milde;
    • tablettane gjev berre milde biverknader
    • brukt som adverb
      • dette var overraskande, for å seie det mildt;
      • du ser mildt sagt trøytt ut
  3. godlynt, venleg, varsam
    Døme
    • vere mild i blikket;
    • han snakka med mild stemme
  4. skånsam, overberande, ikkje streng
    Døme
    • ein mild dom;
    • ho styrte med mild, men bestemt hand
  5. om vêr, klima: som ikkje er kaldt, men heller ikkje særleg varmt
    Døme
    • mildt vêr;
    • ein mild vind
  6. brukt i utrop
    Døme
    • du milde himmel!
    • milde moses!
    • milde måne!
  7. gjevmild, rundhanda, raus (2, 1)
    Døme
    • donasjon frå ei mild stifting

Faste uttrykk

  • milde gåver
    rause gåver (til velgjerdsføremål)
    • vere avhengig av milde gåver frå private

nattehimmel, natthimmel

substantiv hankjønn

Tyding og bruk

himmel om natta
Døme
  • ein djupblå nattehimmel

lyn

substantiv inkjekjønn

Opphav

samanheng med loge (2

Tyding og bruk

elektrisk utlading mellom to skyer eller mellom skyer og jordoverflata
Døme
  • lyn og tore;
  • lynet slo ned

Faste uttrykk

  • slå ned som eit lyn
    kome brått og uventa
    • tanken slo ned som eit lyn
  • som eit lyn
    i stor fart
    • ho sykla forbi som eit lyn
  • som lyn frå klar himmel
    brått og uventa

klare 2, klåre 2

klara, klåra

verb

Opphav

av klar (1

Tyding og bruk

  1. om himmel, atmosfære: bli klar, klarne (1)
    Døme
    • det klarar opp;
    • andletet klara opp
  2. gjere fri for grums;
    Døme
    • klare kaffien;
    • klare røysta
  3. gjere ei sak, ein samanheng klar, tydeleg
    Døme
    • klare opp eit spørsmål;
    • klare tankane